Hopp til hovedinnhold

Selstøkverna i drift

Bli med på tur til ei kvern som kan daterast attende til 1700-talet. Den er restaurert og du kan få sjå korleis korn blir malt på kvern driven av vasskraft.

Møt opp på Nordsjøfartmuseet i Telavåg
Søndag 28.04.2019 kl 12.30.

Det vil fossa frå vassrenna og kvernkallen vil snurre fort rundt. Inne i kverna vil kornaksa presisjonsmessig falle ned på kvernsteinana for å bli malt til mjøl. Turen til Selstøkverna er ca to km ein veg og heile turen vil vil vara i ca to til tre timar. Turløypa strekkjer seg over asfalt, grusveg og  terreng. Du treng godt fottøy og klede etter været.

Turavgift er kr 120,- og gjeld også som museumsbillett på Nordsjøfartmuseet. Billetten kjøper ein på museet før start.

Vel tilbake frå turen kan du nyte varme lappar frå museumskafeen, og ta deg ei runde for å sjå kva museet har å by på.

  • Barn i rosa regnbukse ved en vannrenne. Høst. Kverna i Selstø i Telavåg.
    1/1
    Publikum på tur til kverna i Selstøvågen i Telavåg. Torvald Bakke
Museum24:Portal - 2024.10.08
Grunnstilsett-versjon: 2